Universell utforming

Kvifor

Universell utforming, deltaking og likestilling er viktige premiss i arealplanlegging, der mennesket er i sentrum. Eit av måla i Fylkesdelplan for universell utforming er at prinsippet om universell utforming blir premiss i alle kommuneplanar og reguleringsplanar.

Universell utforming er også eit nasjonalt satsingsområde og prioritert av Regjeringa. Av plan- og bygningslova framgår det at det skal vere eit overordna mål med arealplanlegging at alle grupper skal kunne delta i sjølve planprosessen, og at planar skal sikra funksjonelle og estetiske løysingar når dei er ferdig utbygde.

Planlegging etter desse prinsippa visar seg oftast å gje gode løysingar også for dei som er i ein livsfase der dei ikkje vert rekna til å ha nedsett funksjonsevne.

Korleis

Plan og bygningsloven gir føringar om universell utforming i:

  • § 11-9 Bestemmelser til kommuneplanens arealdel, pkt 5.
  • § 12-7 Bestemmelser i reguleringsplan, pkt 4, 5 og 12.
  • § 17-3 Utbyggingsavtaler.
  • I § 12-7, pkt 5, om reguleringsplan og arealformål, og i § 17-3 om utbyggingsavtaler, står det at kommunen kan gi føresegner som regulerer talet på bustader i eit område, største og minste storleik på bustadene, og nærare krav til tilgjenge og utforminga av bustaden der det er turvande.

Kommunane kan skaffe seg oversikt over framtidig bustadbehov i høve til innbyggjarane sin alder og funksjonsevne. Det kan gje grunnlag for ein meir nyansert bustadpolitikk og gi større variasjon i bustadtilboda.

I arealplanlegging kan det vere tenleg å samle viktige funksjonar, leggje til rette for gode møteplassar og tilkomst på gangvegar med passe stigning.

Kommunen er både tenesteytar og planstyresmakt og har eit dobbelt ansvar når det gjeld universell utforming ved tomteval til offentlege bygg som barnehagar, skular og sjukeheim. Tomtene må ha god  offentleg tilkomst, og vere enkle å leggje til rette for alle grupper.

For å få fange opp både funksjon og estetikk kan det vere ei løysing at kommunen skipar arkitektkonkurranse om universelt utforma bustadområde i typisk vestlandsterreng.

Andre relevante tema: Arkitektur estetikk og byggutforming, Folkehelse

Ressursar:

Kunnskapsgrunnlag | Kart og statistikk for plantema | Kompetanseprogram for universell utforming

Regionale planar: Fylkesplan for Hordaland | Deltaking for alle - fylkesdelplan for universell utforming

 

19.10.2011 15:34
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart