Risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS)

Kvifor

Plan- og bygningslova krev risiko- og sårbarheitsanalyse når det vert  utarbeidd planar for utbygging, jf. § 4-3. Det er også forventa at all planlegging etter lova skal fremje samfunnstryggleik, jf § 3-1. Dette inneber at samfunnstryggleik må vere eit integrert tema i planen sine ulike delar og prosessar.

Fylkesmannen skal sjå til at kommunane følgjer opp dette ansvaret, og er gitt motsegnsmynde for å sikre at omsyn til samfunnstryggleik er ivareteke i kommunale planar.

I Hordaland er det utfordringar særleg knytt til skipstrafikk, petroleumsindustrien og ras, då særleg rasutsette vegar.  Fylkesplan for Hordaland slår fast at beredskapen skal vere tilpassa desse utfordringane.

Korleis

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har utarbeidd rettleiar for samfunnssikkerheit i planlegging.

I samband med prosjektet ”Samfunnssikkerhet i GIS – Vestlandet” – eit samarbeid mellom fylkesmennene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Statens kartverk er det og utarbeidd ein rettleiar. Rettleiaren inneheld eksempel frå tre pilotkommunar: Stavanger, Os og Stryn.

FylkesROS Hordaland 2009 tek føre seg dei fleste risikotilhøve samfunnet må planlegge for å kunne ta hand om. FylkesROS omhandlar følgjande tema:

  • Klimaendringar og naturulykker
  • Epidemiar og helseberedskap
  • Fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdomar og landbruk
  • Svikt i kritisk infrastruktur
  • Storulykker og masseskadar
  • Atomulykker og radioaktiv stråling
  • Akutt forureining

Kommunane Kvam, Fusa, Ullensvang, Ulvik, Granvin, Jondal, Tysnes, Masfjorden og Modalen er med i eit interkommunalt skredsamarbeid og det er utarbeidd ei handbok i samband med dette.

Andre relevante tema: Klima og energi

Ressursar:

Kunnskapsgrunnlag | Kart og statistikk for plantema
Regionale planar: Fylkesplan for Hordaland | Regional klimaplan

Fylkesmannen i Hordaland, tema samfunnstryggleik og beredskap | FylkesROS (2009) | Skrednett | Interkommunalt skredsamarbeid | Skredhandbok

24.01.2012 12:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart