Kvifor
Planlegging skal ta omsyn til barn og unge sine interesser og sikre gode og trygge oppvekstmiljø. I arealpolitiske retningsliner for Hordaland står det at: «Stadanalysar skal nyttast i utvikling av byar og tettstader. Støy og helsekonsekvensar skal vurderast ved all arealdisponering. Barn og unge sine interesser skal òg vurderast.» og «Skulevegar og vegar inn mot senter skal sikrast med gang og sykkelveg.»
Korleis
Å ta vare på barn og unges interesser er eit tverrsektorielt ansvar, og heng i hop med fleire andre plantema som friluftsliv, folkehelse, landskap, arkitektur og estetikk, by- og tettstadutforming og universell utforming.
Å sikre tilgang til grøntareal, friluftsområde og grønstruktur i byar og tettstader må bli vektlagt. Rikspolitiske retningsliner (statlege planretningsliner) set fleire krav til planprosessen og til den fysiske utforminga av areal for barn og unge. Rundskriv T 1513 Om barn og planlegging gir utfyllande rettleiing.
Barnetråkk er ein metode for å kartlegge barns bruk av areal. Norsk Form har laga ein rettleiar i barnetråkkregistreringar. Det er også informasjon om temaet på nettsidene til Fylkesmannen i Hordaland og Miljøverndepartementet (sjå sida Kart og statistikk for plantema)
Andre relevante tema: friluftsliv, folkehelse, landskap, arktitektur og estetikk, senter- og tettstadutforming, universell utforming.
Ressursar
Kunnskapsgrunnlag | Kart og statistikk for plantema
Regionale planar: Fylkesplan for Hordaland