Kvifor
Marine næringar, som akvakultur, er eit prioritert satsingsområde for Hordaland fylkeskommune . Hordaland fylkeskommune ser det som særleg viktig at kommunen gjennom arealplanlegging legg til rette for ei berekraftig og lønnsam utvikling innafor akvakulturnæringa.
Fylkeskommunen har ansvar for tildeling av løyve og klaring av lokalitetar, og har i tillegg ansvaret for å ivareta havbruksinteressene og fremje motsegn på vegne av havbruksinteressene.
Korleis
Areal der det allereie er gjeve akvakulturløyve på permanent basis må takast inn i kommuneplanen som einbrukskategori akvakulturområde.
Sjøområda som vert sett av for akvakultur bør vere tilstrekkeleg store med tanke på framtidig trong for justering av anlegg og fortøyingssystem. Små akvakulturområde gjev liten grad av fleksibilitet for å møte framtida, og i staden risikerer ein auka tal av søknader om dispensasjon.
Særleg sentralt i høve til planlegging av sjøareal tilknyta akvakultur er PBL § 11-7 pkt. 6 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone og § 11.11 pkt. 3 bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn, og pkt 7 kva artsgruppe eller artar av akvakultur som einskild eller i kombinasjon kan etablerast.
Regelverket for akvakultur og registeret over gjevne akvakulturløyve finn de på heimesidene til Fiskeridirektoratet, www.fiskeridir.no. Her er også kartverktøy med kartdokumentasjon for godkjente akvakulturlokalitetar, og det er muleg å laste ned koordinatar for alle godkjente lokalitetar, samt og hente opplysningar om eigartilhøve gjennom Brønnøysundregistra.
Andre relevante tema: Skjelsand, Næringsutvikling, Strandsona
Ressursar:
Kunnskapsgrunnlag | Kart og statistikk for plantema
Regionale planar: Fylkesplan for Hordaland
Fylkeskommunens temasider om havbruk