Fullt hus på strandsonekonferansen

Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inviterte til strandsonekonferanse for Hordaland 22. og 23.april. Konferansen vart tidleg fullteikna og nye møtelokale måtte skaffast, så stor var interessa for temaet.

Strandsona er eit konfliktområde
Strandsonekonferansen vart innleia med ein presentasjon av politiske føringar frå nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå.  Presentasjonane avdekka ulik oppfatning mellom anna av kor stort presset  er eller  om vi eigentleg har rikeleg å ta av, kven som eigentleg er best til å forvalta strandsona og om såkalte hyttenaust er eit problem. 

Fagleg fordjuping
Konferansen fortsette i ein fagleg fordjupande del om verdiar og praktisk forvaltning i strandsona. Andre  dag vart i heilskap nytta til spørsmål om ulovleg bygging.   

Dag Lindebjerg vekte kjensler
Dag Lindebjerg, kjent programleiar frå NRK sin serie frå skjergarden i Hordaland, vekte forsamlinga med historier frå sine opplevingar i samband med fjernsynsprogramma.  Han utpeika strandsona og fjordane på Vestlandet som den verkelege verdsarven. Det vart eit kjenslevart og engasjert innlegg kor han grunngav kvifor han i programma tek parti for naturen.  Dei mange og hyggelege telefonane i etterkant av programma hadde to fellesnemnarar:  1. - Kjekt at du viste fram ”min skjergard”  2. - Men eg visste ikkje at….
Dag Lindebjerg i Veafjorden. Foto: NRKProgramarbeidet hadde gitt den lærdomen at også dei som kjem utanfrå har viktige opplysningar om eit område, sett i eit anna perspektiv enn det lokale.   Heile forsamlinga fekk pålegg om å reisa strekninga Stanghelle-Stamnes i maks seks knops fart for å oppleva noko så sjeldant som ei urørt fjordstrekning utan veg på ei av sidene (biletet er frå Veafjorden, foto NRK).

Syndarar i strandsona
Andre dag vart nytta til  spørsmål omkring ulovleg bygging. Undersøkingar frå Sandnes har vist at 2/3 av bygga i strandsona er ulovlege, ja mange er i tillegg bygd på annan manns grunn. Sandnes er den kommunen i Rogaland som har størst andel nedbygd strandsone,  rundt 60%, men byplansjefen meinte at 95% av attraktiv strandsone er nedbygd og privatisert. Det er berre smular att. - Kvifor har allmenta ikkje sterkare talspersonar når ein må kjempa for å halda på dette undra han seg.

Fjell har kartlagt
Fjell kommune har fått midlar til kartlegging av ulovlege bygg og fant etter ein kort periode 400 ulovlege tiltak.  Brygger var i fleirtal, men uthus/naust var også godt representert.  20 saker er konkret valgt ut til oppfølging. Direktoratet for Naturforvaltning kan bistå med advokathjelp.

Naust vert hytter
Eit gjennomgåande problem er at naust vert omgjort til hytter.  Det kom klart fram etter politiet sin aksjon i Fitjarøyane.  - Tida for tilgjeving er forbi, uttalte Fylkesmann Svein Alsaker.  Både Økokrim og politiet lokalt ynskjer seg fleire anmeldte for miljøkriminalitet som ulovleg bygging er.

Sterk appell frå politiet
Miljøkontakten i Sunnhordland politidistrikt kom med ei inspirerande avslutning på konferansen.  I klare ordelag kom ei sterk oppmoding til kommunane om å gripa fatt i ulovleg bygging i strandsona.  - Vi kan ikkje velja bort lovverk vi er ueinig i, det bryt ned  demokratiet.   Vi kan ikkje vera passive, det er aktiv støtte til lovbrytarar.  Vi kan ikkje oversjå lovverk, det bryt ned den allmene respekten for lovverk generelt.

I strandsoneforvaltninga må vi tenkja framover i tid, vi må tenkja barn og barnebarn og ikkje oss her og no.  Akkurat no er det tilstandar som liknar anarki, det kan ikkje fortsetja.

Lenke til innlegga

Sjå presseoppslag i Bergens Tidende 24.04.08  og 23.04.08

 

Marit Rødseth 09.05.2008 11:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart