Akvakultur (fagbrev)

Naturbruk, akvakultur

Akvakultur i vaksenopplæring

Hordaland fylkeskommune tilbyr gratis teoriopplæring innan akvakultur. Kurset gir deg innføring i teorien til faget, og er basert på at deltakarane har praktisk erfaring frå yrket. Nye kurs startar hausten 2013. 

Opplæringa er på deltid og fører fram til tverrfaglig eksamen. Med godkjent eksamen og godkjent praksis kan du ta fagbrev som paraksiskandidat. Undervisning og læremiddel er gratis.

Søk plass via nettsida til ditt næraste Senter for voksenopplæring:

Stord vidaregåande skule tlf 53 45 20 00 vo.stv@hfk.no
Fusa vidaregåande skule tlf 56 58 09 00 vo.fuv@hfk.no

 

Vi har ingen søknadsfrist, men ønskjer påmeldinga di snarast mogleg. Vaksne med vaksenrett vil bli prioriterte, andre kan delta viss det er ledig plass.  Vi tek atterhald om at det melder seg nok søkarar med vaksenrett.

Vaksne har rett på gratis vidaregåande opplæring viss dei ikkje har fullført slik opplæring tidlegare. Vaksenretten gjeld frå det året du fyller 25.

Vilkår som gir rett til gratis utdanning:

• Du er busett i Hordaland fylke
• Du har fullført grunnskule eller tilsvarande 
• Du har ikkje fullført vidaregåande utdanning
• Du fyller 25 år eller er eldre

Minoritetsspråklege må ha gyldig opphaldsløyve.

Fleire utdanningstilbod for vaksne

 

Foto: Håvard Sæbø / LO Media

20.02.2013 14:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart