Nye kurs for vaksne startar hausten 2013. Du kan søke plass via nettsidene til senteret som tilbyr opplæringa.
Tilboda gjeld teoriopplæring som fører fram til tverrfagleg eksamen. Relevant yrkeserfaring må deltakarane sjølve skaffe.
Du kan søke direkte til vaksenopplæringssentra. Søknadsskjema finn du på nettsidene til det einskilde senteret. Følg lenkjene ovanfor til fag og senter.
Du kan dessutan søke via vigo.no. Hugs å krysse av for riktig fag og senter.
Alle kan søke, men vi prioriterer vaksne med lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Andre kan delta viss det er ledig plass. Vi tek atterhald om at det melder seg nok søkarar med vaksenrett. Undervisning og læremiddel er gratis for alle. Frå hausten 2013 blir det innført ny ordning med
PC for vaksne.
Finn du ikkje lærefaget du ønskjer?
Då kan du kontakte oss. Har du vaksenrett tilpassar vi opplæringa til din arbeids- og livssituasjon så langt mogeleg.
Kontakt våre Senter for voksenopplæring for meir informasjon.
Undervisning for vaksne
Opplæringa kan variere frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning. Opplegget skal så langt mogleg vere tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon. Undervisninga er på deltid eller heiltid og byggjer på at deltakarane har relevant yrkeserfaring. Vi tilbyr dessutan gratis vurdering av realkompetanse for deg som har vaksenrett.
Med relevant yrkeserfaring meiner vi erfaring som er relevant i forhold til læreplan for faget du ønskjer å ta fagbrev i. Det er fagopplæringskontoret som godkjenner dette. Du må sjølv skaffe yrkeserfaring ved å kontakte aktuelle bedrifter. Eit tips kan vere å kontakte opplæringskontoret for yrket ditt, eller å ta kontakt med bedrifter som er godkjente lærebedrifter i faget. Fagopplæringskontoret har ein side som informerer om lærebedrifter og opplæringskontor
Ta fagbrev som praksiskandidat
Opplæringsloven opnar for at vaksne kan ta fagbrev som praksiskandidat. Teoriopplæringa vi tilbyr fører fram til ein tverrfagleg eksamen i studieretningsfaga som du må bestå. Som praksiskandidat er du friteken for fellesfaga. I tillegg til tverrfaglig eksamen må du dokumentere inntil fem års relevant yrkeserfaring. Denne praksisen må du skaffe sjølv. Med godkjent yrkespraksis og eksamen kan du melde deg opp til fagprøve.
Ta studiekompetanse
Vaksne kan oppnå generell studiekompetanse etter 23/5-regelen frå det året dei fyller 23. Då treng du dei seks obligatoriske faga: Norsk, engelsk, historie, samfunnsfag, matematikk og naturfag. I tillegg må du dokumentere fem års praksis frå arbeid, militærteneste, omsorg eller gjennomført utdanning. Les om fem ulikevegar til studiekompetanse.
Finansiere utdanning
Dei fleste utdanningstilboda våre er på deltid, ein til to gonger i veka, og kan kombinerast med jobb. Du kan og søke om støtte hos Lånekassen. Vaksne som får stønad frå NAV må undersøke med sitt NAV-kontor om stønaden held fram under opplæring.
Høgare utdanning
Med fullført vidaregåande opplæring stillar du sterkare på arbeidsmarknaden, og kan søke høgare utdanning på fagskule, universitet eller høgskule.
Eksterne lenker
Vidaregåande opplæring på vilbli.no
Studiekompetanse på Samordna opptak
Lån og stipend til vidaregåande utdanning for vaksne