Som praksiskandidat er du friteken for krava om fellesfag, men må fullføre ein tverrfagleg teoretisk eksamen i studieretningsfaga før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve. I tillegg må du dokumentere praksis innan faget som dekkjer dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen. For dei fleste fag er praksistida fem år, 25 prosent lengre enn vanleg læretid.
Vi tilbyr gratis teoriopplæring i yrkesfaga som kan føre fram til fag- eller sveinebrev som praksiskandidat. Opplæringa er basert på at deltakarane har erfaring frå yrket.

Fagbrev er eit dokument på at du har fullført ei yrkesutdanning. I dei tradisjonelle handverksfaga heiter dette sveinebrev, medan du kan ta fagbrev eller yrkeskompetanse i dei andre lærefaga. Vi tilbyr teoriopplæring som kan føre fram til fagbrev i fleire lærefag. I tillegg må du ha godkjent yrkeserfaring for å gå opp til fagprøve.
2+2-løp. Den andre vegen til fagbrev er vanleg vidaregåande skule. Med fullført VG1 og VG2 på riktig studieretning, kan du søke læreplass for to år. Deretter kan du kan melde deg opp til fagprøve. Dette er det vanlege løpet for elevar i vidaregåande skule.
Full opplæring i bedrift. Opplæringsloven opnar dessutan for at vaksne kan ta fagbrev under ordninga full opplæring i bedrift. I denne ordninga teiknar du lærekontrakt for fire år og får opplæring i bedriften. Opplæring i fellesfaga skjer som regel på ein vidaregåande skule.
Nokre av yrkesfaga fører fram til yrkeskompetanse. Mellom anna gjeld dette for apotekteknikar, helsesekretær og tannhelsesekretær.