Realkompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla deg gjennom arbeid, fritid og utdanning. Realkompetansen er viktig når du skal søka jobb eller ta vidare utdanning.

Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du alt har i høve til den utdanninga du har tenkt deg, og kva fag du eventuelt treng opplæring i. Alle som får vurdert realkompetansen sin har rett til eit kompetansebevis.

Ei realkompetansevurdering kan føregå på to måtar: Som ein samtale mellom den vaksne og ein fagkonsulent, eller som ei yrkesprøving der praktisk dugleik i faget vert vurdert. Yrkesprøvinga kan t.d. føregå i ein verkstad eller på eit laboratorium.

Samtalen / yrkesprøvinga tek utgangspunkt i fagplanen for det aktuelle faget, dei aktuelle modulane eller kompetansemåla. Ei realkompetansevurdering tek om lag 3 timar.

Eit kompetansebevis vert utstett etter realkompetansevurderinga for dei faga eller delar av faga som vert godkjende i høve til krava i læreplanane. Kompetansebeviset dokumenterer den kunnskapen den vaksne har og kan nyttast som dokumentasjon for å søka jobb og vidare utdanning.

Vi kan hjelpe deg med eit opplæringstilbod som byggjer vidare på den kompetansen du allereie har. Ta kontakt med eit avvåre ni Senter for voksenopplæring i Hordaland for nærare informasjon.

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart