Dersom du ikkje har eitt av dei skandinaviske språka som morsmål blir du rekna som minoritetsspråkleg.
For å ha rett til videregåande opplæring og realkompetansevurdering, må du ha gyldig opphaldsløyve i Noreg. Elles gjeld dei same lovar og reglar for vaksne minoritetsspråklege som for vaksne norskspråklege.
Undervisning på norsk
All undervisning er på norsk. Du må derfor snakke og forstå norsk for å følgja undervisninga. Kontakt grunnskuleopplæringa for vaksne i din kommune for meir informasjon om norskopplæring.
Vurdere realkompetanse
Viss du vil bruke yrkeserfaring eller vidaregåande utdanning frå heimlandet ditt må du ha godkjent dokumentasjon på norsk eller engelsk. Har du ikkje slik dokumentasjon kan du få realkompetansen din vurdert ved eit vaksenopplæringssenter.
Høgare utdanning
Dersom du har høgskule eller universitetsutdanning frå eit anna land, har du ikkje rett til vidaregåande opplæring. Du kan eventuelt få utdanninga di vurdert ved Samordna Opptak, eller ved høgskulen / universitetet du ønskjer å søkje på.
Eksterne lenker
Veien til godkjenning av utenlandsk utdanning, NOKUT
Foto i banner:
Håvard Sæbø, Sissel M. Rasmussen, Erlend Angelo, Tri Nguyen /LO Media