For skuleåret 2013 til 2014 gir Hordaland fylkeskommune elevane høve til å ta heile Vg2, eller deler av året, i eit av landa nedanfor. Fire av tilboda er for elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram, og to av tilboda er for elevar på yrkesfaglege program.
Askøy vidergåande skole Tilbod i Tyskland
- Tilbod for elevar som går Vg1 Elektrofag og som ønskjer å gå på Vg2 Data og elektronikk, El-energi eller Automatisering.
- Tilbod for elevar som går Vg1 Studiespesialisering med tysk som framandspråk.
Knarvik vidergåande skule Tilbod i Wales
Tilbod for elevar som går Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram.
Voss gymnas Tilbod i Frankrike
Tilbod for elevar som går Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram med fransk som framandspråk
Voss jordbruksskule Tilbod i Ungarn
Tilbodet gjeld elevar med Vg1 Naturbruk med hestefag eller Vg1 Naturbruk som søkjer Vg2 Heste- og hovslagerfag ved Voss jordbruksskule. Tilbodet kan ikkje søkjast direkte i vigo.no.
Øystese gymnas Tilbod i USA
Tilbod for elevar som går Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram
For meir informasjon sjå søkjarhandboka 2013(s. 14-16) eller skulane sine heimesider.