Jobber du i et yrke uten å ha fagbrev? Då kan praksiskandidatordninga vere noko for deg.
Hvis du har jobba i eit yrke i fleire år og ønskjer eit fag- eller sveinebrev er det mogleg å oppnå dette uten å vere lærling. Opplæringslova § 3-5 gjer deg muligheit til å melde deg opp som praksiskandidat.
Krava til å få godkjent ein slik oppmelding kan kort summerast slik:
- Dokumentert allsidig praksis som er 25 % lengre enn læretida i faget
- Godkjent teori i faget du melder deg opp i, vanlegvis ein eksamen for VG3/opplæring i bedrift
Kostnader med fagprøve for praksiskandidatar er todelt
- Det kostar 800 kr å melde seg opp, dette dekkjer saksbehandling og bruk av sensor/prøvenemnd
- Som praksiskandidat må du sjølv dekkje eventuelle kostnader ved ein fag-/ sveineprøve
For fag med 4 års læretid, normalt 2 år i skole og 2 år i bedrift, vil dette tilseie at du må kunne dokumentere 5 års praksis i 100 % stilling. Det må kome fram av denne dokumentasjonen at praksisen din dekkjer hovudområda i læreplanen.
Nokre fag har lengre læretid enn 4 år, desse kan og ha krav om 2 eksamenar. Eksempel på dette er elektrikarfaget og automatiseringsfaget som har 4,5 års læretid og krav om 2 eksamenar for praksiskandidatar.
For meir informasjon om praksiskandidatordninga og satsar, sjå "Rettleiing for praksiskandidatar".
Informasjon frå Hordaland Fylkeskommune
Eksterne lenker