Om oss

Hordaland fylke er delt i 6 tannhelsedistrikt, med tilsaman 65 klinikkar og 350 tilsette.

Fylkestannlege Arne Åsan er den øvste administrative og faglege leiar av Tannhelsetenesta i Hordaland.

Tannhelseavdelinga sin administrasjon med 12 tilsette held til i fylkeshuset.

Overtannlegen er den øvste leiar i kvart distrikt. Klinikksjefen er leiar for klinikken. Distrikta varierar både i geografisk storleik og i tal tilsette. Blant dei tilsette har vi mellom anna tannlegar med spesialutdanning innanfor Kjeveortopedi (tannregulering) og implantatbehandling.

Tannklinikkane varierer mykje i storleik, frå små klinikkar med eit behandlingsrom og to tilsette (tannlege og tannhelsesekretær) til dei største med opp til 8 behandlingsrom. Utviklinga dei seinare år har gått frå mange små til færre, men større klinikkar. Talet på behandlingsrom er ikkje vesentleg endra. Våre klinikkar er i dag godt utstyrte med moderne tannlegeutstyr, elektronisk journalsystem og digitalt røntgensystem. Dette gjer ein god fagleg kommunikasjon mellom klinikkane våre mogleg.



Sida er kontrollert juni 2013.

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart