Søknad om særskild skoleskyss
Elevar som ønskjer å søke om eit tilrettelagt skysstilbod grunna manglande offentleg rutetilbod, nedsett funksjonsevne eller "særleg farleg eller vanskeleg skoleveg" kan kontakte skolen og melde inn behovet der. Det er og mogeleg å søke om skyss via Cert, sjå lenkje nedanfor.
Grunnskolen
Samferdselsavdelinga organiserer og finansierer skoleskyss for elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen i Hordaland.
Hordaland fylkeskommune er i følgje opplæringslova ansvarleg for skoleskyss for elevar i grunnskolen og har vedtaksmynde i slike saker. Dette gjeld ikkje skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg under 4000 meter (2000 meter for elevar i
1. klasse). I slike saker har kommunane vedtaksmynde. Funksjonshemma elevar har rett på skoleskyss uavhengig av avstand.
Vidaregåande skole
I Hordaland nyttar elevane som hovudregel ungdomskort til skoleskyssen. Dette gjeld også elevar med avstand heim-skole over 6 km. Det betyr at funksjonsfriske elevar under 20 år som bur innanfor definerte område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida ikkje har rett på gratis skolereisekort. Dei må løyse ungdomskort om dei ønskjer skyss.
Unnatak frå denne reglen er elevar over 20 år, eller som bur utanfor dei definerte områda med "tilfredstillande kollektivtilbod". Føresetnaden for fri skoleskyss er at dei oppfyller vilkåra i opplæringslova, dvs at ein har meir enn 6000 meter mellom heim og skole eller av andre særskilde grunnar har rett på fri skoleskyss.
Elevar som ikkje har fylt 16 år før skolestart, må i tillegg til identifikasjonskort og ha med bevis på tildelt skoleplass.
Kontaktpersonar skoleskyss
|
Skoleskyss grunna medisinske årsakar |
|
Anna skoleskyss
|
|
Knut Djuve
Kathrine Sundt
Samferdselsavdelinga sakshandsamar søknader for heile fylket
|
|
Skyss er ansvarleg for organisering av skyss for funksjonsfriske elevar i Hordaland. Unnatak: Samferdselsavdelinga sakshandsamar søknader om tilrettelagt skoleskyss i kommunane Bergen, Os, Asøky, Fjell, Sund og Øygarden |
Sist endra 21.11.2011
Knut Djuve 19.03.2007 14:00