Kollektivtransport

Hordaland fylkeskommune har ansvaret for å tildele og sjå til drifta av ruteløyve (løyve for persontransport i rute) for all fylkesintern buss-, båt- og fylkesvegferjedrift i alle kommunane i Hordaland, herunder takst og tilskot.

Hordaland fylkeskommune er også løyvestyresmakt for fylkesoverskridande ruter dersom løyvesøkjar har forretningsadressa si i Hordaland og ruta gjeld i Hordaland.

Dersom ruta gjeld i eit anna fylke, skal den fylkeskommunen kor endepunktet for ruta er eller kor ein reknar med at hovuddelen av trafikkgrunnlaget er behandla søknaden (sjå rundskriv N-3/2006).

Vegdirektoratet er løyvestyresmakt for riksvegferjer.   

Den som vil utføre kollektivtransport ("persontransport i rute med motorvogn eller fartøy mot vederlag") må ha løyve frå løyvestyresmakta.

Søknader som heilt eller delvis gjeld Hordaland skal sendast til Hordaland fylkeskommune.

Kva reglar som gjeld for ruteløyve er omtalt i m.a. yrkestransportlova og i yrkestransportforskrifta. 


Lenkjer
Rundskriv N-3/2006

Yrkestransportlova
Forskrifter til yrkestransportlova
Rundskriv frå Samferdselsdepartementet
Søknad om ruteløyve

 


Sist endra 22.11.10 

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart