
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Klimanettverk Hordaland. (Foto: Øystein Rygg Haanæs)
Etablering av eit klimanettverk står aller først – som punkt 1.1.1 – i fylkeskommunen sitt handlingsprogram for klima, og ifølgje fylkesrådmannen er det slett ikkje tilfeldig.
- Vi skal skape eit forum der vi kan utveksle idear, inspirere kvarandre og utveksle fagkunnskap. Vår visjon er at nettverket skal utgjere ein forskjell i arbeidet med å takle dei klimautfordringane vi står overfor. Det er mi von at deltakarane her i dag deler denne visjonen, slik at klimafylket Hordaland kan skape berekraftige, framtidsretta løysingar på alle sektorar, sa Nilsen.
Han peikte på det gode arbeidet som er gjort i Klimaforum Bergen og med klima- og energiplanar i kommunane, og på behovet for å byggje vidare på dette.
- Vi i fylkeskommunen skal gjere alt vi kan for å gjere det attraktivt å vere med i dette forumet. Vi skal leggje til rette for at felles ressursar kan verte nytta endå betre. Vi må hugse at klimautfordringane vedkjem oss alle. Her kan ingen melde seg ut eller av. Lat oss gripe dei moglegheitene vi har, oppmoda han.
Det lokale i det globale
Klima- og naturressurssjef Gudrun Mathisen i Hordaland fylkeskommune presenterte klimaplanen og handlingsprogrammet som vart vedtekne i fylkestinget i 2010. Handlingsprogrammet skal reviderast årleg og klimaplanen kvart fjerde år.
Ho gjekk og gjennom dei måla fylkeskommunen har sett for klimaarbeidet i Hordaland. Energibruken i bygningsmassen i fylket skal mellom anna ned med 20 % samanlikna med 2007-nivå. Klimagassutsleppa skal ned med 5 % innan 2013, 22 % innan 2020, 30 % innan 2030 og 65 % innan 2050. Ho såg og for seg underteikning av tilhørande protokollar for oppnådde mål undervegs, med ein ”Oddaprotokoll” i 2013 som første stoppestad.
Mathisen synte i sitt innlegg og til flaumkatastrofane i Brasil, Australia og på Sri Lanka og oppmoda til solidaritet med dei som allereie har merka konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar.
- Det vi gjer i Hordaland får ringverknader andre stader i verden, understreka ho.
Siamesiske tvillingar
Mathisen peikte på utslepp frå transportsektoren som den største klimautfordringa i Hordaland.
- Her er vi heilt avhengige av eit tett samarbeid mellom fylkeskommunen, som har ansvaret for transporten, og kommunane, som har ansvaret for arealplanlegging. Transport og arealbruk er siamesiske tvillingar som må sjåast i samanheng. Vi har no utarbeidd gode retningslinjer som vi vonar kommunane vil følgje i arbeidet sitt med arealplanlegging, sa ho.

Klima- og naturresursjef Gudrun Mathisen presenterte klimaplanen og handlingsprogrammet til Hordaland fylkeskommune. (Foto: Øystein Rygg Haanæs)