
Bakgrunn
Formålet med planen er å ivareta villreinstamma, sikre moglegheiter for utvikling av lokalsamfunna og leggje til rette for friluftsliv.
Ein viktig føresetnad for arbeidet har vore at prosjektet skulle følgje opp invitasjonen frå Miljøverndepartementet om å utforme ein plan som både tek vare på leveområda til villreinen og som gir moglegheiter for samfunns- og næringsutvikling i bygdene rundt Hardangervidda.
Det har vore lagt vekt på å gjennomføre ein brei og involverande planprosess. Planforslaget som no skal på høyring er med unntak av eitt punkt samrøystes.
Nasjonalt ansvar
Noreg er det einaste landet i Europa som har fjellområde med villrein. Det er derfor eit nasjonalt mål og ansvar å sikre villreinen i norsk fauna. Med bakgrunn i dette ga Miljøverndepartementet fylkeskommunane i oppdrag å utarbeide ein plan for ei heilskapleg forvalting av fjellområde som er spesielt viktige for villreinen si framtid i Noreg. Planen fastset langsiktig arealforvalting som balanserar bruk og vern i dei aktuelle fjellområda.
Aktuelt område
Regional plan for Hardangervidda omfattar område i kommunane Eidfjord, Odda, Ullensvang og Ulvik i Hordaland fylke, Nore og Uvdal, Hol og Rollag i Buskerud fylke, og Tinn og Vinje i Telemark fylke.
Organisering av arbeidet
Planarbeidet har vore leia av ein styringsgruppe med alle ordførarar frå dei ni gjeldande kommunane, seks leiande fylkespolitikare frå dei tre fylka, representantar frå dei tre fylkesmannembeta og leiar av villreinnemnda som medlemmer. Fylkesvaraordførar i Telemark Lars Bjaadal har leia styringsgruppa.
Planen er utarbeida som ein regional plan i medhald av Plan- og bygningslova. Han blir ikkje juridisk bindande, men gir retningslinjer for utvikling.
Nokre sentrale punkt i planforslaget:
- Planen søkjer å avklare hovudlinjer utan å ta stilling til detaljerte lokaliseringsspørsmål, desse skal avklarast i vidare kommunale planprosessar.
- For å gi hovudrammer for framtidig arealbruk på regionalt nivå, er planarealet delt i sju grovmaska arealsoner.
- Planforslaget legg opp til differensiert arealbruk med utgangspunkt i villreinen sine årstidsvarierande preferansar for kor han oppheld seg.
- Planen søkjer å gi næringar som fell utanfor det tradisjonelle landbruksomgrepet eit visst handlingsrom i planområdet.
- Planen går inn for at vegar innanfor leveområde til villreinen generelt ikkje skal brøytast eller opnast for trafikk før 1. juni, unntatt frå dette er E134 og Rv7.
- Retningslinjer for ferdsel understrekar at nye stigar og løyper skal tilpassast villreinen sitt arealbehov og føreset at det blir laga kommunale stig- og løypeplanar.
Dissens
Styringsgruppa står med unntak av eitt punkt samla bak planforslaget. Usemja er knytt til Fv.124 over Imingfjell. Et mindretal på tre foreslo ei prøveordning med vinterbrøyting av denne fjellovergangen. Fleirtalet ønska å vidareføre dagens ordning med vinterstenging. Fylkesutvala sine vedtak inneberer at planen blir lagt ut på høyring med denne dissensen.
Høyringsdokumenta
Høringsdokumenta er tilgjengelig for alle interesserte på kommunehusa, på fylkeshusa og på Statens Hus i de gjeldande kommunane og fylka. Rapport og kart kan også lastas ned frå nettsida: www.fylkesdelplan-hardangervidda.no.
Korleis svare på høyringa
Hordaland fylkeskommune si nettside om planen: www.hordaland.no/regional-plan-hardangervidda