Mastergrad i arealplanlegging
Midlane skal brukast til å utvikle ein modulbasert mastergrad i arealplanlegging for personar i arbeid. Mastergraden vil bli utvikla i samarbeid med utdanningsinstitusjonar på Vestlandet som er med i UH-nett Vest.
- Vi skal bruke midlane på ei konferanse i november med UH-Nett vest for å konkretisere den modulbaserte mastergraden, seier plansjef i Hordaland fylkeskommune Marit Rødseth.
Planrettkurs kan bli del av mastergrad
Universitetet i Bergen har i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland allereie utvikla eit kurs som tilsvarar femten studiepoeng innanfor planrett.
- Vi vil også bidra med midlar til kurset i planrett, kanskje gjennom å støtte deltakaravgifta. Planen er at dette kurset blir ein del av mastergraden, seier Rødseth, som sjølv har tatt plass på skulebenken.
Vil tilpasse utdanninga til arbeidsmetodane
Fylkeskommunen ynskjer å rekruttere folk med relevant utdanning.
- I nærleiken av utdanningsinstitusjonar er det god tilgang til kompetanse, men me er samstundes prisgitt den kompetansen som institusjonane har. Derfor ynskjer vi å samarbeide med utdanningsinstitusjonane, slik at det blir eit samsvar mellom utdanning og arbeidsmarknaden, seier Rødseth.
Miljøverndepartementet er også opptatt av at det skal vere samsvar mellom utdanning og arbeidsmetodar. Dei har derfor invitert seg sjølve til eit møte for å diskutere ei samordning mellom pensum i studiet og retningslinene som departementet utarbeider i samband med ny plan- og bygningslov. Dette er plansjefen nøgd med.
- Det er viktig at utdanninga i arealplanlegging og planrettleiarane ikkje sprikar. Til dømes i samband med tema klima, så bør det ikkje vera eit langt sprang mellom klimarettleiaren frå Miljøverndepartementet og det ein lærer på skulebenken, seier Rødseth.
Her står det meir om planutdanningane: