Kart og karttypar

Informasjonen under gjeld kart.ivest.no

Bakgrunnskart
Bakgrunnskartet som er brukt på kart.ivest.no baserer seg cache-teknologi, også kalla hurtigkart. Dette gjev hurtig oppteikning av eit førehandsdefinert grunnkartet. Grunnkartet er dermed mengd statiske bilder som vert satt saman for det området det blir gjort ein førespurnad på (m.a.o at du zoomar deg inn på eit gitt område) Hordaland fylkeskommune har tilgang til data gjennom medlemmskapet i Norge Digitalt. For meir informasjon sjå norge.digitalt.no.

Basisdata                                                                                                                                                                                      Under mappa basisdata finn ein alt av det ein kallar FKB-data (Felles Kart Base). Dette er data med høg detaljgrad. Dei data som ligg under basisdata er såkalla dynamisk oppteikna data, og legg seg oppå grunnkartet. Dynamiske data kan ein gjera spørjingar mot.

Temadata                                                                                                                                                        Under katalogen temadata finn ein ei mengd underkatalogar. Desse er ordna etter ein del viktige tematiske grupper. Her vil det komma meir data etterkvart. Ein del eldre data er ikkje overført til ny løysing. Gje tilbakemelding dersom konkrete data manglar.

 

Karttypar: 

 

Regionale friluftsområde

Karta som visast er frå eit fylkesdekkjande prosjekt som tar for seg verdsetjing av utfartsområda i fylket.

Kultur

Karttypen kultur spring ut frå forvaltningsansvaret fylkeskommunen har for kulturminne. Denne karttypen viser Riksantikvaren sin oppdaterte wms-teneste oppå grunnkartet. Laga Arkeologiske kulturminneflater og SEFRAK-bygningar er slått på. Du kan velje fleire lag i katalogen Freda kulturminner.

Den kulturelle skolesekken                                                                                                  Karttypen viser barne og ungdomsskular og vidaregåande skular i fylket. Karttips vil komme fram når ein flyttar musepeikaren over ein skule. Skuledatasettet er spesielt retta mot arbeidet til Den kulturelle skolesekken, sjå www.dks-hordaland.no/. 

Fly- og satellittfoto frå "Norge i bilder"

Desse karttypane viser fly- og satellittfoto frå den sentrale karttenesta "Norge i bilder". Du kan sjå dei same bileta på nettstaden http://norgeibilder.no/. Tenesta er henta eksternt og tar tid å laste inn.

Eigedomskart                                                                                                                                               Karttypen eigedomskart hentar fram eigedomsgrenser. Ved å gå til største målestokk vil gards og bruksnummer hentast fram.

Ulike førehandsdefinerte karttypar vil komma til, etterkvart som meir data vert lagt til og behov melder seg.

Søk                                                                                                                                                     I verktøykassa sin undermeny vil du sjå vertøylinja kalla ”FINN”. Her er ulike søk gjort tilgjengeleg. Førebels kan ein her søkja fram den geografiske plasseringa av skular, stadnamn, adressepunkt, bygningar og eigedomar. Dei tre sistnemnde søka går mot Statens kartverk sin oppdaterte database.

30.01.2009 14:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart