|
Prosjekt Bryggen vart starta opp i 2000 og er eit statleg finansiert program for sikring og istandsetting av bygningar på verdsarvstaden Bryggen.
Målsettinga er å ruste opp verdskulturminnet Bryggen til eit nivå som er i samsvar med kulturminnet sin høge status og slik at ein deretter kan halde fram skjøtselen med vanleg vedlikehald.
I Prosjekt Bryggen samarbeider Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og eigarane på Bryggen. Midlane blir løyvd årleg frå statsbudsjettet kapittel 1429 post 72.9. |