Stipend, gåvepremie

Stipend til unge utøvarar, trenarar, dommarar og leiarar
Hordaland fylkeskommune deler kvart år ut utviklingsstipend til unge trenarar, leiarar, utøvarar og dommarar. Målet med stipenda er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idrettsgreina og vere ei stimulans til vidare satsing.

Det vert tildelt fem utviklingsstipend, kvart på 25.000,- Stipenda kan tildelast utøvarar,  trenarar, leiarar og dommar frå Hordaland som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Søknad skal sendast til Olympiatoppen region Vest-Norge v/Pia M. Andreassen. Frist for søknad er sett til 15. oktober. Søknaden skal sendast på
e-post.  

Retningslinene for stipendet 
Sjå også Olympiatoppen region Vest-Norge sine internettsider. 

 

Gåvepremie til store idrettsarrangement
Ved norske og internasjonale meisterskap er det mogleg å få gåvepremie frå Hordaland fylkeskommune. Gåvepremien kan vere inngravert tinnfat eller pokal. 

Retningsliner for premiering frå Hordaland fylkeskommune 
11.02.08

Jens Harald Garden 08.09.2009 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart