
Desse mottok miljøfyrtårnsertifikatet under ein seremoni i fylkeshuset: Elin Riksheim innkjøpsseksjonen, (f.v.), Svein Steine, etat for plan og geodata, Hanne Ludvigsen, Bergen legevakt, Per Ove Askeland, etat for byggesak og private planer, Edel Felgenhauer, kontor for skjenkesaker og Roger Hagen, byggvedlikehold. (foto: Bjarte Brask Eriksen).
Feie for eiga dør
– Bergen kommune har gjennom vedtak i byrådet og bystyret bestemt at det skal innførast miljøleiing i heile organisasjonen og at alle kommunale einingar skal miljøsertifiserast. Dette byggjer opp om miljøarbeidet dei siste åra med prinsippet om å feie for eiga dør, sa fylkesordføraren under seremonien i fylkeshuset i Bergen.
Bergen legevakt
Om Bergen legevakt sa fylkesordføraren at etaten gjev eit generelt positivt inntrykk.
– Miljøfyrtårnarbeidet er greitt gjennomført og verkar å vere greitt fundert i organisasjonen. Mange av krava er og oppfylt på grunnlag av tidlegare arbeid som ikkje er direkte relatert til miljøfyrtårnarbeidet.
Etat for byggesak og private planer
Om etat for byggesak og private planar sa fylkesordføraren at arbeidet verkar godt gjennomført og solid fundert i organisasjonen.
– Lokala og uteområda er tiltalande og ordentlege. Etaten har gjort eit omfattande og godt arbeid dei siste åra.
Byggvedlikehold
Om byggvedlikehold sa fylkesordføraren at etaten har ein svært omfattande sertifisering med heile 10 ulike bransjekrav.
– Dokumenta, miljøanalyse, konsulentrapport og sertifiseringsmøtet gjev eit positivt inntrykk. Miljøfyrtårnarbeidet er tilfredsstillande gjennomført og tilfredsstillande forankra i organisasjonen.
Etat for plan og geodata
Om etat for plan og geodata sa fylkesordføraren at arbeidet er greitt gjennomført og fundert.
– Lokala er tiltalande og ordentlege, men det knyter seg ein del utfordringar til at bygningen er verna.
Innkjøpsseksjonen
Om innkjøpsseksjonen sa fylkesordføraren at etaten gjev eit generelt positivt inntrykk.
– Arbeidet er tilfredsstillande gjennomført og tilfredstillande forankra i organisasjonen. Samtlege skal-krav er oppfylt, samt dei aller fleste bør-krava.
Kontor for skjenkesaker
Om kontor for skjenkesaker sa fylkesordføraren at etaten gjev eit generelt positivt inntrykk.
– Arbeidet verkar greitt gjennomført og kravspesifikasjonen er oppfylt.
Grønt flagg til skular og barnehagar
Alle einingar i Bergen kommune skal miljøsertifiserast. Først ut var rådhuset tidlegare i år. Dei andre einingane i Bergen kommune skal og få miljøfyrtårnsertifisering. Ein del skular og barnehagar er sertifisert som ”grønt flagg”, og resten står for tur.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg delte ut miljøfyrtårnsertifikatet til Bergen legevakt ved Hanne Ludvigsen og fem andre einingar i Bergen kommune.