
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekkjer miljøfyrtårnsertifikatet til byråd Lisbeth Iversen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Godt i gang
Den offisielle utdelinga av miljøfyrtårnssertifikatet skjedde måndag 18. januar i kantina i rådhuset. I talen sin sa fylkesordføraren at Bergen kommune er komen eit godt stykke på veg med arbeidet for å miljøsertifisere ulike verksemder i kommunen og at Hordaland fylkeskommune og er og i gang med slikt arbeid.
Positiv verknad for klima og miljø
– Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune er store aktørar med mange tilsette. Når begge desse aktørane arbeider med å få miljøsertifisert alle sine einingar, vil dette til saman ha positiv verknad for klima og miljø. Samstundes kan vi vere gode føredøme og vil kunne påverke andre private og offentlege verksemder til å la seg miljøsertifisere og såleis å ta klima og miljø på alvor, sa fylkesordførar Torill Selsvold.
Alle kan gjere ein innsats
Byråd Lisbeth Iversen sa at Bergen kommune har politisk vedtak på miljøsatsing.
– Dette er å feie for eiga dør. Vi kan alle gjere ein innsats i kvardagen. Vi har redusert papirbruken. Vi har kjeldesortering. Vi sparer energi, har skifta belysning og slår av lys. Sentralt driftsanlegg er oppgradert. Vi skal gå over til fjernvarme. Vi har redusert tal reiser til Oslo og innført videokonferanse. Ved kvar eining har vi miljøgruppe. Vi har over 90 skular og barnehagar som skal miljøsertifiserast i løpet av 2011, sa byråd Lisbeth Iversen.
Miljøsatsinga i Rådhuset i Bergen feira fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og byråd Lisbeth Iversen med miljøkake.
Samfunnsansvar
Miljøfyrtårn er ei nasjonal sertifiseringsordning retta mot verksemder i privat og offentleg sektor. For styresmaktene er miljøsertifisering eit viktig og nyttig verktøy i miljø- og klimapolitikken og i næringspolitikken. For verksemder er siktemålet å heve miljøprestasjonen så det monnar og at ein gjennom sertifikat og logo kan nytta dette som eit konkurransefortrinn. Ei miljøfyrtårnsertifisering gjev verksemda ein tydeleg miljøprofil og viser at ein tek samfunnsansvar. Miljøsertifikatet og prosessen fram mot sertifisering gjev dokumenterte og målbare resultat ,og verksemdene oppnår betre verdiskaping ved hjelp av konkrete og relevante miljøtiltak.

Rådhuset i Bergen har 14 etasjar og eit oppvarma areal på 11.277 kvadratmeter og vart sertifisert som miljøfyrtårn måndag 18. januar 2010.